fbpx

Vinterski i Stryn

stryn storskredf2 el
Fra Storskredfjellet etter en travers hele ryggen i bakgrunnen fra Loen Skylift

Destinasjonen med ein unik kombinasjon av fjell, fjord og bre. Tilgjengelegheita til fjella er i særklasse, og nokre av dei mest spektakulære toppturane i verda finn du innerst i Nordfjord, i skibygda Stryn.

Av: Einar Løken. Tidligare publisert i Stryn Magasinet 2018.

Sidan det første Strynefjellsrennet blei arrangert ein midtsommardag på slutten av 1930-talet, har Stryn hatt ein viktig posisjon i skinorge. I årboka for 2014 til Stryn Historielag kan du lese Per Ytre-Eide si skildring om suksesshistoria på Strynefjellet. I fleire tiår har kjende profilar som Stein Eriksen og fleire innan norske og utanlandske ski- og snøbrettmiljø vitja Stryn for å trene, konkurrere og ikkje minst nyte dei snødekte fjella for rekreasjon.

Men ski-eventyret Stryn høyrer ikkje berre sommaren til. Dei siste åra har toppturar blitt ein av dei største aktivitetstrendane i Norge. Som i Alpane, fartar no store og små, nybyrjarar og erfarne til fjelltoppane på ski.

Fjellheimen i Stryn er som skapt for toppturar. Norges lengste motbakke seiast å vere Skåla, og ein skikøyrar snur dette om til å bli den lengste samanhengande nedkøyringa i landet. Skåla er heller ikkje åleine om slike lange nedfartar. I denne kommunen har vi Lodalskåpa, Storeskredfjellet, Rinndalshyrna og lista held fram. Vi må kanskje til Alpane for å finne samanhengande nedfartar med høgdeforskjellar som i Stryn.

stryn storskredf9 el
På vei fra Storskredfjellet mot Skåla (en skikkelig langtur!)

Men området har ikkje berre dei lengste og høgste turane. Vi kan telle nærare 100 fjell som er eigna for toppturar inst i fjorden. Fleire av desse fjella har alternative ruter i vanskegrad frå det heilt enkle til det verkeleg komplekse. Dessutan gjer dei mange fjellvegane i området det mogleg å nå opp til den gode snøen heilt frå tidleg i sesongen til langt utpå sommaren. Dei fleire heisanlegga i Stryn gjev ein særeigen moglegheit til å bevege seg over fleire fjell med vedvarande nedfartar, utan at du treng gå tilsvarande lange motbakkar. Det blir ikkje mindre spektakulært når vi svingar oss ned brefall med utsikt mot vatn og fjord.

Skikøyrarens topptur – etappe ein
Tenk deg den perfekte morgonen med fint vær, låg skredfare og eit slør av tørr silkemjuk snø heilt ned til Stryneelva. Sekken er allereie pakka med noko snacks, varm drikke og anna viktig utstyr. Vi startar dagen frå Stryn Vinterski kor vi tek heisen til omtrent 1000 moh. Heisturen opp gir god oversikt over anlegget, som eit utgangspunkt for fleire av dei mest populære toppturane i Stryn. Klassikarane Hestefjellet, Natakupa, Småeggene og Gryta er ikkje spesielt lange, og gjennomførast best i samanheng med skidagar i heisanlegget.

2019 01 19 15.24.46
Stryn Vinterski tek deg til ca 1000moh. Eit perfekt utgangspunkt for å finne god skikøyring!

Frå toppen av heisen må vi gå vidare for eiga maskin, og vi klistrar fellane på skia og lettar bekledninga. Vi sett kursen oppover mot fjellet som tronar Steindalen, Natakupa. Dei omtrent 400 høgdemeterane til toppen tek ikkje lang tid, og oppturen byr på utsikt sørover og til fjella utover fjorden. Nær toppen bratnar det til, samtidig opnar utsynet seg over fleire hundre fjell omkring oss. I god avstand frå skavelen tek vi nokre ”selfies” og utsiktsfoto medan vi gjer oss klar til første nedfart.
I løpet av oppturen har vi hatt kontinuerlig vurdering av snødekke, og vurderinga tilseier at vi kan peike skia mot den lange bakken mot Kyrkjeeidsdalen. Vi sklir ein og ein i to etappar, glisa går frå øyre til øyre og snøen er akkurat som forventa, silkemjuk. Terrenget vekslar leikent frå 20 til omtrent 35 grader bratt i nærare 600 høgdemeter, og vi held ei blanding av store og korte svingar før terrenget flatar ut.

Les også “Vårski i Stryn” i Utemagasinet

Frå botnen av bakken sklir vi vidare ut dalen mot sætrane like i skoggrensa. Samstundes gløttar vi opp på alle moglegheitene denne dalen byr på. Kyrkjenibba er eit av fjella som fangar interesse. Sett frå vår posisjon føyer fjellsia seg inn som nok ein flott turmoglegheit. Kyrkjenibba blir fleire stadar beskriven som ein av dei flottaste turane i området, og sjølve toppen er lett gjenkjennelig frå nabofjell, der den står opp nærmast som ei markant finne (eller kyrkjetak) i landskapet.

stryn kyrkjenibba3 el
Kyrkjenibba (til venstre) stikk opp som ei finne i terrenget. Sett fra fjella ved Loen Skylift

Nede på sætra er det på tide med noko å drikke før vi avsluttar formiddagsturen. Stadar som dette innbyr til tankar om tidlegare tider da fjellandskapet primært blei nytta til sætring. Samlingar av sel og fjøsar var primært mjølkestasjonar for dyra på fjellbeite, overnattingsstad for seterjentene, og nokre stadar ein feststad for folket. Den synlige historia vekker nasjonalromantikken i oss, og vitnar om at fjella blei brukte annleis før. Stryn kan by på mykje slikt kulturlandskap som berikar opplevinga medan vi svingar oss på ski gjennom landskapet.

Etter litt slalåm gjennom skogen og nokre krappe svingar på traktorveg, har vi no gjennomført totalt 1400 høgdemeter ned til Ytre-Eide og riksveg 15. Transporten til Stryn står klar i retning etappe to, vår ettermiddagstur synlig på andre sia av Strynedalen.

Etappe to
Etter ein kaffi- og matstopp på vegen er vi klare for nok ein tur, no frå toppen av Loen Skylift 1011 moh. Det er lett å la seg fange av utsikta frå Hoven, eit særeiget innsyn i Lodalen og Oldedalen. Vi ser også eit stykke ut Nordfjorden til skiturklassikarane Bergsetnakken og Glitregga.


Skjermbilde 2019 12 23 kl. 09.39.59
Se FRIFLYT skipatruljen besøker Loen Skylift med guide fra Breogfjell! Klikk her!

Moglegheitene er mange frå Hoven. Likt som for toppturar generelt må vi velje tur etter snø- og vêrforhold, fysisk form og ferdigheit. Frå toppstasjonen kan vi velje mellom ein kort tur til Skredfjellet og derifrå svinge oss ned nordsida til Stauri i Stryn, eller snu om same veg ned til toppstasjonen for ein middag på Hoven Restaurant. Forma og humøret er på topp, og vi vel ein litt lengre tur i retning Staurinibba. Den brattaste bakken i løpet av dei 400 høgdemetarane mot toppen blir raskt gløymt i praten og fasinasjonen over utsikta inn Lodalen. Straks vi bikkar toppen, opnar det seg enda meir terreng som vi skulle tru vart skapt for alpine skiturar. Formatet på disse fjellsidene med lange samanhengande kvite bakkar har vi skjeldan rask tilgang på andre stadar i Norge.

Medan vi pakkar fellane i sekken, studerer vi den lange snødekte vestsia på Geitafjellshyrna. Ein tur ned denne fjellsida vil gje samanhengande 900 høgdemeter med jamn skikøyring i moderat til bratt terreng før vi når ned til skogsgrensa. Denne dagen strekk dessverre ikkje til tidsmessig, og denne fjellsida får vente til ein dag seinare.

Geitafjellshyrna
Geitafjellshyrna frister!

Det kan også nemnast at for morgonfuglane vil travesen vidare til Storskredfjellet by på ein oppleving av dei sjeldne her til lands. Dette er ein krevjande tur med innslag av alpin rygg og ein unik mogligheit for å svinge seg ned over ein av breane, eller ned mot Skåla om ein vil lenkje desse fjella. Ein slik tur krev ekstra sikringsutstyr og mykje kunnskap/erfaring. Det er ikkje ofte vi har moglegheit til nærare 1700 høgdemeter samanhengande nedfart med innslag av bre, samstundes som vi har utsikt ned til fjord og vatten.

stryn breifonna
Om man strekk turen virkelig langt kan breen Breifonna være eit alternativ. Dessverre er det ikkje trygt nok i nederste del av nedkøyringa dei fleste sesongar.

Vi står fortsatt på Staurinibba, klare for dagens andre nedkøyring. Vi peikar skituppane vestover og leikar oss ned fjellsia. Vi er ikkje lenger utpå dagen enn at sola akkurat gjev lys til gode konturar i snøen. Sjølv om det er mogleg å velje ulik brattheit ned frå Staurinibba, slepp vi ikkje unna bratthenget vi gikk opp like ved Tungegjølet. Nedanfor dette bratthenget er det no mogleg å ta seg tilbake til Hoven for å avslutte dagen på restauranten. Men med ytterlegare 1000 høgdemeter nedfart og gode forhold, svingar vi oss like gjerne ned det leikne og tidvis bratte terrenget til skoggrensa. Her gjeld det å treffe riktig slik at vi får køyrt på ski i den glisne skogen. Ein traktorveg tek oss ned dei siste 200 høgdemeterane mot den historierike laksevillaen på Lysvoll.

stryn flo4 el
Utsikt ned Strynedalen fra Flo. Blir dette neste dag?

Vel nede i Stryn ser vi tilbake på rundturen med nærare 2800 høgdemeter nedfart til saman, og det med knappe 800 høgdemeter oppstigning. På denne turen er det mogleg å gjere variantar som gjev meir oppstigning eller meir nedfart, alt etter dine preferansar. Gjennom vinteren og våren krev turane eit bevisst forhold til vær- og føreforhold, samt god sjølvinnsikt kva gjeld eigenferdigheit. Det vil ofte lønne seg å være tidleg ute og tidleg heime.

Om du ikkje er kjent i Stryn, eller usikker på om erfaringa strekk til, er det mogleg å leige ein tindevegleder frå Breogfjell. Tindevegledarane er dei fagutdanna fjellførarane, som har ei fleirårig kvalifisering innan klatring, alpin skiferdsel og bre.

Skjermbilde 2019 12 23 kl. 10.26.27
Se FRIFLYT skipatruljen besøker Hornindal med guide fra Breogfjell. Klikk her!