Mont Blanc 4810

Sagnomsust,  berømt og beryktet. Europas tak og den høyeste toppen i Alpene. Vi kan ta deg med til topps. 

 

Cosmiquesryggen med Mont Blanc i bakgrunnen. Normalveien via Aiguille de Gouter følger i grove trekk horisonten fra høyre Foto: Halvor Dannevig

Cosmiquesryggen med Mont Blanc i bakgrunnen. Normalruta via Dome de Gouter følger i grove trekk ryggen mot horisonten. Foto: Halvor Dannevig

For mange er det en drøm å en gang bestige Europas høyeste fjell, Mont Blanc. Navnet betyr “det hvite fjellet” og med sine 4810 meter er den synlige hvite toppkuppelen godt synlig fra de fleste utsiktspunkt i Vest-Alpene. Mont Blanc ble første gang besteget alledere i 1796 av Jacques Balmat og Michel-Gabriel Paccard. De to vanligste rutene til toppen innebærer ikke vanskelig klatring,  men er like fullt seriøse  på grunn av høyden og raske forandringer i snø og værforhold. For å lykkes på turen er det viktig at man er i god fysisk form og at man har vent seg til høyden. For å få muligheten til å akklimatisere seg til høyden, venne seg til terrenget og bli kjent med kulturen anbefaler vi en hel uke i området. Vi får da mange fine turer og vi har større sjanse til å nå toppen, noe som er avhengig av forholdene og været.

MontBlanc-7

Morgenstemning på toppen


Program: 6-dagerstur
Med dette programmet foreslår vi ei veke med ulike, spennande og fine turar som “oppvarming”, der målet er å bestige Mont Blanc om forholda tillet det.

Utgangspunktet for dagsprogrammet er at vi går turar og toppturar i høgda, gjerne mellom 2500 og 4000 moh, og at vi overnattar ein del på fjellhytter. På denne måten får kroppen mulegheit til å venne seg til høgda, samtidig som vi får trena på dei alpine ferdigheitene før “toppstøtet”.

Her er eit forslag til dagsprogram, dette kan verte aktuelt å endre noko, avhengig av deltakarane sine ønskjer, vêret og forholda på ulike ruter.

Ankomstdagen
Om det passar kan vi møtast på ettermiddagen/kvelden for å bli litt kjent. Om de kjem seint til Chamonix treffast vi på morgonen neste dag.

Dag 1
Vi møtast i Chamonix på morgonen for kaffe, praktisk informasjon, eventuell utdeling av utstyr, mm.

I sentrum finst det både daglegvarebutikkar og sportsbutikkar, så om nokon treng å supplere utstyret litt eller kjøpe inn mat kan vi ta dette på føremiddagen.

Etter dette tek vi bussen til Le Tour der vi tek heisen opp til Col de Balme. Herfrå går vi opp til Albert Premiere-hytta (2702 moh), denne turen tek ca. 1,5 til 2 timar.

Dag 2
Vi startar tidleg frå hytta, såkalla “alpin start”, på skareføre og med hovudlykt, og kryssar Glacier du Tour. Dagens mål er toppen av Petite Fourche (3520 moh). Turen er hovudsakeleg ein bretur, men det er litt klyving i fjell mot toppen. Etter toppen kryssar vi Trientplatået over til Trienthytta (3170 moh) der vi overnattar.

Dag 3
Endå ein tidleg start. Dagens mål er Aig du Tour (3544 moh). Vi kryssar igjen Trientplatået. Sjølve toppen byr på bratt snø/is og lett fjellklatring, noko avhengig av kva rute vi vel. Etter toppen går vi no ned igjen til dalen, via Albert Premiere-hytta til Le Tour. I kveld overnattar vi nede i byen.

Dag 4 til 6
Dei siste dagane er satt av til hovudturen, Mont Blanc. Vi har ulike ruter å velje mellom, og valet går både på kva deltakarane ønskjer, på vêret og på forholda på dei ulike rutene. Dei to vanlegaste alternativa er Gôuter-ruta og “Dei Tre Toppane”.

Om vi vel Gôuter-ruta tek vi første dagen eit tidleg tog opp til Nid d’Aigle (2372 moh), og går derifrå opp til Gôuterhytta, der vi overnattar. Neste dag startar vi tidleg, går på toppen (4808 moh), og heilt ned igjen til dalen same dag.

Om vi vel “Dei Tre Toppane” tek vi på ettermiddagen heis til Aig du Midi og går den korte turen over til Cosmiquehytta (3613 moh), der vi overnattar. Toppdagen startar vi tidleg. Vi går over Mont Blanc du Tacul (4248 moh) og Mont Maudit (4465 moh) til Mont Blanc (4808 moh). Også med dette alternativet går vi heilt ned igjen til dalen same dag.

Ved begge desse alternativa kan vi gå ned igjen same ruta som vi gjekk opp, eller vi kan gjere ein rundtur og gå ned ei av dei andre rutene.

Om vi vel ei av desse to vanlegaste rutene til toppen vil vi få ein dag til overs før eller etter “toppstøtet”. Denne dagen er det gjerne fint med ein rolegare tur, ein kortare bre/topptur, lett klatring eller rett og slett berre slappe av i byen.

NB! Skulle vêret eller andre forhold gjere at vi ikkje får mulegheit til å prøve oss på Mont Blanc vil vi i samråd med deltakarane søkje å finne eit alternativt opplegg, eventuelt i eit anna område av Alpane.

Alternativ: 3-dagerstur
Vi tilbyr òg Mont Blanc som ein tredagarstur. Her er det som på vekesturen sett av to dagar til å nå toppen, men dette alternativet gjev berre ein dag til førebuing. Ved dette alternativet er det ein føresetnad at deltakarane sjølv gjer førebuingane, ved blant anna å venne seg til høgda.

Reise og transport

Turen starter og slutter i Chamonix i Frankrike og det lønner seg å fly til Genevè. Fra flyplassen reiser ein til Chamonix med buss, tog eller taxi.

Geneve til Chamonix
Fra Geneve til Chamonix er det greiast å ta delt taxi (transfer), eller buss.

Vi anbefalar Cham-Van eller Alpy Bus (www.alpybus.com) – tar ca 1 time NB! Bestill i god tid.
Busstidene finn de her.

Overnatting, mat og drikke

Underveis på turen overnattar vi bade i fjellhytter og på hotell. Hyttene har relativt god standard, er betjente og kan minne om DNT sine betjente hytter. Hyttene har sovesalar 10 – 20 senger per rom. En vil få servert ein enkel treretters middag på kvelden, frukost på morgonen, og ein kan kjøpe med lunch og drikke til tur dagen etter. Overnatting inklusiv frukost, lunch og middag kostar mellom 500 og 600 NOK/døgn.

Føreren reserverer plass på fjellhyttene.

En bør ha mulegheit til å bære med ca. 2 liter drikke på turdagane. Drikke kan kjøpast på hyttene. Om en likar å ha med varm drikke på dagsetappane, får en fylt termos eller drikkeflaske på hyttene.

Ryggsekk, om lag 40 liter.

Sko
Kraftige fjellsko (med mulegheit for å feste stegjern (evt ”step-in”))

Teknisk utstyr (kan lånast hos Bre og Fjell)
Isøks
Stegjern
Klatresele
2 skrukarabinarar
1 vanlig karabin
1 taubrems
1 nøttepirk
2 klemknuteslynger (6 mm)
1 120cm bandslynge

Klede
Jakke (vind-/vasstett)
Bukse (vind-/vasstett) (evt. gamasjar)
Hue
Hanskar og vottar (vind-/vanntette)
Sokkar (evt. skift)
Varme underklede (gjerne ull)
Isolasjonslag (t.d. ull eller fleece)
Dunjakke eller ekstra ull-/fleecejakke

Annet
Solbriller
Solkrem (inkl. sterk)
Hodelykt (viktig!)
Toalettsaker (inkl. toalettpapir til dagsetappane)
Personlege medisinar
Lakenpose
Øyreproppar (til sovesal)
Kamera
Drikkeflaske/drikkesystem (slange)
Kontantar til hyttene
Europeisk helsetrygdekort (E111)
Reise- og ulykkesforsikring (evt medlemsskap i REGA/Carte Neige)
Pass (vi passerar gjerne grenser (Frankrike/Sveits/Italia)

Føreren tar med
Enkelt reparasjonsutstyr
Førstehjelpsutstyr
Vindsekk
Bre og klatreutstyr, inklusiv tau
Kart og kompass

På vei ned. Refuge Gouter i bakgrunnen

På vei ned. Refuge Gouter i bakgrunnen

Påmelding

Du vil motta en ordrebekreftelse på e-post når vi har behandlet skjemaet.