Haute Route Chamonix – Zermatt

Verdens mest kjente og populære alpine skitur går fra Chamonix til Zermatt og traverserer noen av de høyeste fjellene i Alpene. Breogfjells norske tindevegledere har ført denne turen flere ganger hver sesong siden 2006 og tar deg gjerne med på neste tur.

 

Mont Fort, dag to.

Mont Fort, dag tre.

Turen kobler sammen de to alpelandsbyene Chamonix i Frankrike og Zermatt i Sveits, og har senere blitt den mest kjente alpine skituren i verden. Turen, som starter like under Mont Blanc og ender ved foten av Matterhorn, tar en gjennom noe av det mektigste og mest dramatiske landskapet i Alpene. Underveis krysser man breer og fjellpass hvor man må bruke stegjern, isøks og tau som sikring. Turen byr på mange høydemeter fin skikjøring, men det er totalopplevelsen som gjør turen spesiell, med overnattingen på fjellhyttene, den alpine karakteren og den mektige naturen. Denne klassiske turen ble først gått av medlemmer av britiske Alpine Club på midten av 1800-tallet og fikk navnet The High Route.I 1911 ble turen for første gang gått på ski, denne gangen av et fransk lag, og turen fikk det franske navnet Haute Route.

Våre vegledere har høy kompetanse

Breogfjell er en av aktørene i Norge som stiller strengest krav til sertifisering, erfaring og lokalkjennskap. På Haute Route bruker vi som på alle våre alpine skiturer internasjonalt kvalifiserte Tindevegledere (UIAGM/IFMGA) som er godt kjent på turen.

 

BardBasberg20150326_untitled_01759

Tindevegleder Stein F. Møller koser seg med nedkjøring fra Glacier de Amethystes. Foto: Bård Basberg

Program

Det fins flere varianter av Haute Route, og en kan variere dagsetappene ved å stoppe på ulike hytter underveis. Verbier-varianten er den ruta som gir flest høydemeter nedkøring i forhold til oppstigning, og er blant annet på grunn av dette den mest populære ruta. Det kan være aktuelt å endre dagsprogrammet noe, avhengig av deltakarane sine ønskjer og ferdigheiter, været eller forholden.

Om ikkje anna er avtalt, møtast vi utanfor postkontoret i sentrum av Chamonix (på Place Balmat i Rue du Docteur Paccard), klokka 1800. Vi rekk å ta ein kjapp utstyrsprat før butikkane stengjer og dei som må supplere mat eller leige/kjøpe utstyr rekk dette, sjølv om det meste av utstyr må vere ordna tidlegare.
Etter ei eventuell handlerunde kan vi møtast på ein restaurant for kveldsmat, bli litt kjent med kvarandre og sjå litt på planane for veka.

NB! Dei som ikkje rekk oppmøtet klokka 1800 må gi beskjed, slik at de får diskutert utstyrsvalet med føraren (butikkar og skiutleige stengjer klokka 1930 og opnar ikkje før etter avreise neste dag).

Dag 1: Argentiére – Argentiérehytta
Vi startar med å ta taxi eller buss til Argentiére, øverst i Chamonixdalen. Herfrå tek vi heis til toppen av Grand Montets (3295 moh). Her får vi turens første nedkøyring, ca 1000 hm ned Rognonbreen til Argentiérebreen.

Frå Argentiérebreen passerar vi Argentiérehytta og går ein akklimatiseringstur til eit av passa Col du Tour Noir høgdemeter oppstigning og nedkøyring, tilbake til Argentiérehytta (2771 moh) der vi overnattar.

Dag 2: Argentièrehytta – Trienthytta
Frå Argentiérehytta sklir vi eit stykkje ned Argentiére- breen før vi startar oppstigninga mot Col du Chardonnet. På baksida av Col du Chardonnet må vi normalt rappellere eller fire oss ned eit lite stykkje før vi når ned på Saleinabreen. Vi kryssar breen og tek opp mot dagens andre «col» (skar), Fenêtre de Saleina. Vi klatrar opp i dette skaret og kryssar deretter Trientplatået. Etter nok ei kort oppstigning når vi Trienthytta, der vi skal overnatte.

Dag 3: Trienthytta – Prafleurihytta
Dagen startar med ei kort nedkøyring og lett klatring over Col des Ecandies, før vi får ei lang og flott nedkøyring ned Val d’Arpette til Champex.
Frå Champex tar vi taxi til Le Châble (Verbier). Her tek vi heisen til toppen av Mont Fort. Er forholda gode kan vi òg her få ei fin nedkøyring, før vi startar på dagens gåetappe over Col de Momin og Grand Dèsert. Om vi ligg godt an tidsmessig rekk vi ein tur på toppen av Rosablanche før vi køyrer ned til Prafleurihytta som er dagens mål.

Dag 4: Prafleurihytta – Dixhytta
Denne dagen må vi starte ekstra tidleg frå hytta. Vi skal over Col de Roux før vi traverserar langs Lac des Dix. Denne traversen er skredutsett, og det er viktig at vi passerar her før sola startar å varme snøen. Dagens etappe er relativt kort og vi kjem tidleg til Dixhytta. Her kan vi nå å gjere ein topptur, men dei fleste vil nok ha mest glede av å slappe av og å hente seg litt inn igjen etter lange dagar i førevegen.

Dag 5: Dixhytta – Vignetteshytta
Frå Dixhytta går vegen opp to brefall og ca 900 hm mot toppen av Pigne d’Arolla på 3796 moh. Dette er det høgaste punktet vi må over på turen, og dei fleste vil nok merke høgda her. Frå Pigne d’Arolla får vi 600 hm fin nedkøyring mot Vignetthytta, som ligg spektakulært til på ein smal fjellrygg.

Dag 6: Vignetteshytta – Zermatt
Dette er siste dagen, og den er òg den lengste. Dei fleste vil likevel ikkje oppleve det som den tyngste, sidan vi no begynner å bli godt akklimatisert til høgda. I dag skal vi over tre pass og krysse sju brear. Vi skal over Col de L’Evêque, den relativt bratte Col du Mont Brulè og Col de Valpelline, til saman 1100 hm stigning, 2400 hm nedkøyring og om lag 30 km i distanse før vi kan skli inn til Zermatt og spenne av oss skia. Zermatt er ein svært koseleg by med ei spesiell atmosfære prega av fjellhistorie. Her skal vi overnatte, og vi satsar på å finne ein fin restaurant for avslutningsmiddagen.

BardBasberg20150327_untitled_-2

Klargjøring for nedfiring fra Col de Chardonnet. Foto: Bård Basberg

Alternative ruter og tilleggsturar

Det finst fleire variantar av Haute Route ein kan gå. Eit alternativ er å gjere ei forlenging av turen til Saas Fee, og det finst fleire ulike tilleggsturar som er vanleg å gjere i etterkant av turen mens ein fortsatt er godt akklimatisert. Nokre av variantane og tilleggsturane er kort beskrivne her. Om de ønskjer meir informasjon om desse eller andre turar er det berre å ta kontakt.

Dette er den varianten av Haute Route som blei gått på ski i 1911. Etter Champex går denne varianten via Bourg St Pierre og vidare sør for Grand Combien, til den møter den ruta vi har beskrive på Pigne d’Arolla nest siste turdagen. Denne varianten er noko tyngre enn Verbier- varianten samtidig som den er meir vêr og forholdsavhengig.
Denne varianten er vanleg å gå i forbindelse med «Den klassiske»-varianten. Ved å gå denne ruta slepp ein taxituren frå Champex (til Verbier eller Bourg St Pierre) som kan opplevast som eit unaturleg avbrot i turen. Denne varianten krev åtte turdagar og kostar noko meir.
Dette er ei vanleg forlenging av Haute Route som krev ein ekstra dag. Turen frå Zermatt til Saas Fee går midt gjennom eit imponerande alpint landskap og passerar fleire kjende 4000-metertoppar.
Enkelte ønskjer å bruke den opparbeidde akklimatiseringa til å prøve å bestige ein eller fleire av dei mest kjente 4000-metertoppane i Alpane.
Om nokon ønskjer å prøve seg på Mont Blanc anbefalar, vi å sette av tre ekstra dagar til dette. Éin dag til å komme seg tilbake til Chamonix og to dagar til å nå toppen. Sesongen for skiturar på Mont Blanc er normalt frå midten av april til midten av mai.
Nedkjøring på fra Col Valpelinne, Matterhorn i bagrunnen

Nedkjøring på fra Col Valpelinne, dag seks. Matterhorn i bagrunnen

Reise og transport

Turen startar i Chamonix i Frankrike og endar i Zermatt i Sveits. Ein kan ta fly til og frå enten Genève eller Zürich. Frå flyplassen reiser ein til Chamonix med buss, tog eller taxi. Den siste turdagen kjem vi til Zermatt på ettermiddagen. De må sjølve ordne overnatting i Zermatt denne dagen. Dagen etter, som for mange blir heimreisedagen, er det lettast å ta toget til flyplassen direkte frå Zermatt.

Geneve til Chamonix
Frå Geneve til Chamonix er det greiast å ta delt taxi (transfer), eller buss.

Vi anbefalar Cham-Van eller Alpy Bus (www.alpybus.com) – tar ca 1 time NB! Bestill i god tid.
Busstidene finn de her.

Zermatt til Genève/Zürich
Her er det greiast å ta toget. Til Genève tek det ca. 4 timar og til Zürich ca. 3,5 timar (ein kan søkje etter togtider her).

Zermatt til Chamonix
For dei som ønskjer å reise tilbake til Chamonix tek dette ca. 4 timar med tog.

Lokaltransport og heis underveis på turen
I Chamonix og Zermatt er det relativt gode tog/bussforbindelsar til dei fleste hotella, dette er gratis for dei som overnattar som turist i dalen.

Overnatting, mat og drikke

Underveis på turen overnattar vi bade i fjellhytter og på hotell. Hyttene har relativt god standard, er betjente og kan minne om DNT sine betjente hytter. Hyttene har sovesalar 10 – 20 senger per rom. En vil få servert ein enkel treretters middag på kvelden, frukost på morgonen, og ein kan kjøpe med lunch og drikke til tur dagen etter.

Føreren reserverer plass på fjellhytten, og overnattingen i Chamonix.

Ein bør ha mulegheit til å bære med ca. 2 liter drikke på turdagane. Drikke kan kjøpast på hyttene. Om ein likar å ha med varm drikke på dagsetappane, får ein fylt termos eller drikkeflaske på hyttene.

NB! Alle deltakarane må ha skred- og breutstyr. Dei som har slikt utstyr privat kan bruke dette (utstyret må vere i god stand).

Ryggsekk, ca 40 liter (må vere muleg å feste skia på sekken).

NB! Det er ikkje naudsynt å ha med meir klede og utstyr enn det som står i lista under.

Skiutstyr

  • Randonèe- eller telemarkski (ikkje for tungt utstyr)
  • Skifellar
  • Skarejern
  • Skistøvlar (ein treng ikkje andre sko då det finst innesko på alle hyttene)
  • Stavar

Breutstyr

(kan leigast hos Breogfjell)

  • Isøks
  • Stegjern
  • Sittesele
  • 2 skrukarabinar
  • 1 120cm band- eller tauslynge

Skredutstyr

(kan leigast hos Breogfjell)

  • Sendar-/mottakarutstyr
  • Spade
  • Søkestang

Klede

  • Jakke (vind-/vasstett)
  • Bukse (vind-/vasstett) (evt gamasjar)
  • Hue
  • Hanskar og vottar (vind-/vasstette)
  • Sokkar (inkl. skift)
  • Varme underkle (gjerne ull)
  • Isolasjonslag (t.d. ull eller fleece)
  • Dunjakke eller ekstra ull-/fleecjakke

Anna

  • Solbriller
  • Slalombriller/goggles
  • Solkrem (inkl. sterk)
  • Hovudlykt (viktig!)
  • Toalettsaker (inkl. toalettpapir til dagsetappane)
  • Våtserviettar (til handvask)
  • Personlege medisinar
  • Lakenpose
  • Øyreproppar (til sovesal)
  • Kamera
  • Drikkeflaske/drikkesystem (slange)
  • Kontantar til hyttene og lokaltransport (Ca 80 Euro + 600 Sveitsiske Franc)
  • Europeisk helsetrygdekort (E111)
  • Reise- og ulykkesforsikring (evt medlemsskap i REGA/Carte Neige)
  • Pass (vi kryssar fleire landegrenser (Frankrike/Sveits/Italia)

Føraren tek med

  • Enkelt reperasjonsutstyr
  • Førstehjelpsutstyr
  • Vindsekk
  • Breredningsutstyr
  • Kart, kompass og GPS

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Oppstigning til Col de Saleina, dag to.

BardBasberg20150329_untitled_03427

På vei til Cabane Dix. Foto: Bård Basberg

Påmelding

Du vil motta en ordrebekreftelse på e-post når vi har behandlet skjemaet.